Farm visit at Myking

Du er velkommen på gardsbesøk til dei unge bøndene Amalie og Asgeir.

Dei driv med mjølkeproduksjon og har om lag 17 mjølkekyr, i tillegg til kjøtproduksjon av okse. Kyrne beitar ute frå slutten av mai til midten av september.  I denne tida kan du få vera med å henta kyrne frå sommarbeitet til mjølking i fjøset. Kveldsstellet foregår mellom klokka 17.30 – 19.30, men kan tilpassast.  Det vil også vera mogeleg å koma på besøk til andre tider etter avtale.  Då vil ein få vera med til sommarbeitet og helsa på kalvane og kyrne der.  Du vil få kjennskap til korleis arbeidet på garden er 7 dagar i veka og til ulike årstider.   Dei driv ein tradisjonell vestlandsgard og har ei nøysam drift med fokus på godt dyrestell.

Antall: 4 - 10 personar
Minimumsantall: 4 personar     
Besøkstid ca 1,5 time

Price:

  • Vaksne kr. 250.-  

  • Born kr. 175,-

Guest design

We create profitable websites based on Squarespace, and are happy to develop your visual identity or help you with digital marketing.

Previous
Previous

Experience farm life at a real goat farm!

Next
Next

Farm visit at Hauane gard